Vellykka informasjonsdag for skole i Kristiansand

Fredag 25. mai fekk elevane ved Krossen skole i Kristiansand oppleve korleis det kjenst å vere i nærleiken av eit tog som passerer i full fart. I samarbeid med skolen og Politiet gjennomførte Jernbaneverket ein informasjonsdag som skal få elevane til å forstå at dei ikkje må opphalde seg i eller i nærleiken av jernbanespor.

Elevane fekk oppleve kor fort og stille eit tog kjem da de sto inntil gjerdet på Grovane stasjon. Foto: Inge HjertaasBakgrunnen for aksjonsdagen er at nokre barn som er elevar ved Krossen skole, oppheldt seg i sporet ved Suldal på Sørlandsbanen for nokre dagar sidan. Til alt hell kom det ikkje noko tog mens barna leikte på sporet, men slike hendingar kan fort få fatale konsekvensar. Både Jernbaneverket, skolen og Politiet ønskjer å få barna til å bli klar over kva for fare som er knytt til å leike eller ferdast på jernbanespor. Derfor vart alle elevane på skolen tatt med til Grovane stasjon fredag 25.mai.


Elevane fekk der oppleve at eit persontog passerte i 90 km/t eit par meter frå der dei sto inntil gjerdet. -Dette gjorde inntrykk, og mange av barna skvatt da toget passerte, fortel informasjonssjef Inge Hjertaas i Jernbaneverket Region Vest.

Etterpå var det samling i gymnastikksalen på skolen der folk frå Jernbaneverket, lokførarar i NSB, Politiet og rektor og sosiallærar på skolen snakka om alvoret i saka. Det vart lagt vekt på kor tungt eit tog er, kor stille det kjem og kor lang tid det tar for eit tog å stoppe.

Informasjonsdagen for elevane vart også møtt med stor merksemd frå media, både Fedrelandsvennen, NRK Sørlandet og ein TV Sør dekte skoleaksjonen.

-Jernbaneverket vonar på denne måten å ha sett fokus på at jernbanesporet er ein livsfarleg stad å opphalde seg, seier Hjertaas.