Stor interesse for jernbanesaker på presseseminar

Det var stor interesse for jernbanespørsmål da Samferdselsdepartementet denne veka heldt sitt årlege seminar for presse- og mediefolk. Om lag 40 journalistar frå både riks- og lokale medium deltok på seminaret der ei ny tid for jernbanen var eitt av hovudtema. Både den sterke veksten i person- og godstrafikken, kapasitetsmangelen i jernbanenettet rundt dei store byane, og det pågåande utgreiingsarbeidet om høgfartsbanar vart handsama.

Jernbanedirektør Steinar Killi (tv.) fekk stor merksemd knytt til jernbanespørsmål på Samferdselsdepartementets presseseminar. (Foto: Sindre Ånonsen)Klimaspørsmål var også eit emne som det var naturleg å kome inn på, transportnæringa står for ein stor del av klimautslippa våre, og jernbanen er ein viktig faktor for å kunne redusere både C02-utslipp og anna forureining frå transportverksemd. -Jernbanenettet må byggjast ut slik at det er mogleg for bedrifter og enkeltpersonar å velje klimavennlege alternativ, sa jernbanedirektør Steinar Killi i sitt foredrag. Frå 2003 har persontrafikken på jernbanen auka med 4,5 % kvart år målt i personkilometer, godstrafikken har auka med 14% i året, og det har aldri før gått så mange godstog på hovudstrekningane som i dag. Denne veksten er venta å halde fram, og togselskapa planlegg å køyre enda fleire tog.


For å kunne etterkome den sterke etterspurnaden etter kapasitet i jernbanenettet har Jernbaneverket klare prioriteringar. I inneverande NTP-periode (2006 – 2015) prioriterest det å auke kapasiteten for nærtrafikken i områda rundt Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Det vert arbeidd med å auke kapasiteten for regiontrafikken på Austlandet og å auke kapasiteten for godstrafikken mellom landsdelane.

Den sterke veksten i godstrafikken fekk mykje merksemd på seminaret. Foto: Njål SvingheimBåde gods- og persontog
-Frå enkelte hald har Jernbaneverket fått spørsmål om ikkje kapasiteten for godstrafikken kan betrast ved å køyre færre persontog på fjernstrekningane, seier jernbanedirektør Steinar Killi. Dette spørsmålet vart også reist på presseseminaret, og svaret er ganske enkelt nei. Kapasitetsproblema i jernbanenettet kjem først og fremst av at det er for få spor inn og ut frå de store byane. Dette er område det uansett skal køyrast persontog i, samstundes som persontoga er kortare enn godstoga. Det er derfor naudsynt med lengre kryssingsspor på fjernstrekningane av omsyn til godstrafikken. I tillegg ser vi at også persontrafikken på fjernstrekningane aukar, så svaret er å halde fram med det arbeidet vi er i gang med, -nemleg å byggje ut sporkapasiteten i sentrale område og i tillegg å byggje ut kapasiteten på godsterminalane, seier Killi.

En rekke tiltak
Av tiltak for å styrke kapasiteten er disse satt i gang:

  • Lysaker stasjon og nye dobbeltspor Lysaker – Sandvika
  • Containerterminalar på Ganddal ved Stavanger og Alnabru i Oslo
  • Dobbeltsporutbygging Sandnes – Stavanger Fjernstyring av Nordlandsbanen
  • Sluttføring av det nye togradiosystemet GSM-R
  • Ei rekkje tiltak i eksisterande banenett som lenging av kryssingsspor, stasjons- og tryggleikstiltak.

Fram mot 2040 slår Jernbaneverket fast i sin stamnettutgreiing at hovudstrekningane da skal ha tredobla kapasiteten for godstrafikken, og at vi skal ha reisetider på 1 – 1,5 timer på strekningar som:

  • Oslo – Tønsberg/Sandefjord
  • Oslo – Fredrikstad/Halden
  • Oslo – Hamar/Lillehammer
  • Oslo – Flå/Nesbyen
  • Oslo – Kongsberg
  • Trondheim – Verdal/Steinkjer

I tillegg kjem kortare reisetider enn i dag på strekningar som har nå har reisetid på vel ein time:

  • Bergen – Voss
  • Egersund – Stavanger

Dette er utbyggingstiltak som gjev effekt også for reisetida på dei lange strekningane, anten det går mot ei høgfartssatsing eller ei modernisering av dagens jernbanar.

På seminaret vart det også gjort greie for status i utgreiingsarbeidet for høgfartsbanar i Noreg. Resultatet av dette arbeidet vert lagt fram til hausten. –Når det gjeld høgfartssaka, er det viktig at vi nå får ei drøfting av korleis dette eventuelt skal finansierast, seier jernbanedirektøren.

Utfordringar
Hovudutfordringane for jernbanane er nå knytte til å auke kapasiteten i og rundt dei store byane, til å fornye eksisterande infrastruktur for å sikre punktleg og stabil drift. I tillegg møter jernbanen nye utfordringar knytte til den svært sterke auken i godstrafikken, universell utforming ,tryggleik (tryggleiksføreskrifta og til klimaendringar (ekstremvêr og ras).