Stor arbeidshelg på Bergens- og Sørlandsbanen

I helga 29/9 - 30/9 er det planlagt gjennomført ei rad arbeider på Bergensbanen og Sørlandsbanen. Delar av dei to banane vil derfor tidvis vere stengde. Det er mellom anna fleire kulvertar som skal leggjast inn under sporet for å auke tryggleiken og å fjerne planovergangar.

Innlegging av kulvert på Bergensbanen. Foto: Inge HjertaasBergensbanen:
Mellom natt til laurdag 29.09. og føremiddagen søndag 30.9. er det planlagt gjennomført følgjande arbeid på Bergensbanen:

  • Innlegging av kulvert (undergang) ved Haslerud mellom Geithus og Vikersund. Dette er eit samarbeid mellom Modum kommune og Jernbaneverket. Kulverten blir bygd av betongelement, og får indre mål 3x3 m. Tiltaket er ein del av prosjektet "Modum på langs". Ein planovergang vert fjerna, i tillegg reknar vi med å få eliminert ein del av dagens irregulære og ulovlege kryssing av sporet i området.
  • Riving av bru ved Sokna st. i regi av Statens Vegvesen.
  • Innlegging av kulvert (undergang) ved Haugen mellom Ål og Hol. Kulverten, med indre mål 3x3 m, blir bygd av betongelement, og saman med bygging av tilførselsveg vil tiltaket føra til at to planovergangar kan fjernast. Tiltaket er eit samarbeid mellom Ål kommune, Jernbaneverket og ein privat utbyggjar.
  • Diverse vedlikehaldsarbeid, m.a. graving og legging av stikkrenne på Ål stasjon.
  • Innlegging av kulvertrør (undergang) ved Steinvika mellom Ustaoset og Haugastøl.
  • Formålet er tilrettelegging for sikker kryssing av sporet. Prosjektet er eit samarbeid mellom ein privat byggherre og Jernbaneverket.

Dette medfører følgjande endringar for fjerntoga på Bergensbanen:

Laurdag 29.9. er toga innstilte mellom Haugastøl og Oslo S frå kl. 07.00, dei blir erstatta med buss på denne strekninga.
Søndag 30.9. går toga fom. morgonekspressane tom. toget med avgang Oslo S kl. 12.27 over Roa i staden for over Drammen. På strekninga Skøyen-Asker-Drammen-Hønefoss vert det sett opp busstransport.

Sørlandsbanen
Også på Sørlandsbanen skal det denne helga utførast arbeid som får konsekvensar for togtrafikken:
Ved Gvarv skal det leggjast inn ein kulvert (undergang) i fylkesvegen, i regi av Statens Vegvesen. Undergangen får ei breidd på 9,1 m, dvs. to kjørefelt pluss fortau.
I Funkelia ved Kongsberg skal det leggjast inn ein kulvert. Dette er eit prosjekt i privat regi, undergangen blir todelt, ein del for biltrafikken og ein for dei mjuke trafikantane.

På bakgrunn av dette er Sørlandsbanen stengt på strekninga Kongsberg-Bø frå laurdag 29.9. kl. 4.30 til måndag 1.10. kl. 2.00. Fjerntoga vert erstatta med bussar mellom Oslo S og Bø medan banen er stengd. (Nattoget frå Oslo søndag kveld vert kjørt over Vestfoldbanen.)

På Jærbanen blir togtrafikken innstilt Klepp-Stavanger frå laurdag 29.9. kl. 5.30 til søndag 30.9. kl. 20.30, buss erstattar tog i denne perioden. Årsaka er diverse anleggsarbeid i samband med bygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger.

Sjølv om den rutemessige togtrafikken strekningsvis er innstilt i desse periodane, vil det bli kjørt arbeidstog. Alle må derfor forholda seg til jernbanesporet som ved ordinær toggang; det er livsfarleg (og ulovleg) å ta seg inn i sporområda, og kryssing av sporet må berre skje der det er tilrettelagt for det. Vi minner dessutan om at kontaktleidningen fører høgspent straum (15000 volt).