Ny avtale om offentleg kjøp frå NSB

Samferdselsdepartementet har nå underteikna ein ny fireårsavtale med NSB om offentleg kjøp av persontrafikk med tog. Med denne avtala sikrar vi eit styrka togtilbud dei neste fire åra, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Det skal bli fleire tog i intercitytrafikken på Austlandet. Foto: Njål SvingheimAvtala, som gjeld for perioden 2007 til og med 2010, omfattar statleg kjøp av persontrafikktenester frå NSB på 6,1 millardar kroner til saman. Staten held med dette dei årlege kjøpesummane på same nivå og justerer berre for den venta pristigninga. Staten krevjer i avtala at NSB skal effektivisere drifta si med 15%, noko som NSB meiner dei skal klare.


Samferdselsdepartementet har i avtala lagt vekt på at inga togstrekning skal få færre togavgangar og at setekapasiteten skal oppretthaldast eller aukast på alle strekningar. Innanfor strekningane Oslo - Halden og Skien - Oslo - Lillehammer ligg det føre ei forventning om at NSB her vil auke talet på regiontogavgangar.

Samferdselsdepartementet vil med dette altså oppretthalde eller styrkje alle strekningar med persontrafikk. Også nattoga skal køyrast som i dag i heile den komande fireårsperioden.