Nordlandsbanen vert fjernstyrt til Mosjøen i haust

I løpet av hausten vil stasjonar og signalanlegg på Nordlandsbanen vere fjernstyrte fram til Mosjøen stasjon. Utbygginga vil halde fram vidare nordover med ytterlegare seks til ti stasjonar i 2008, og målet er å nå Bodø i løpet av 2009. Resultatet vert auka kapasitet og fleksibilitet i trafikkavviklinga, og plass til fleire tog.

Fjernstyringa av stasjonar og signal på Nordlandsbanen har nådd Majavatn, og vil i løpet av året bli tatt i bruk fram til Mosjøen. (Foto: Njål Svingheim)Fjernstyrte stasjonar er alltid opererte av togleiaren, og stasjonane kan ta togkryssingar kva tid som helst. Når alle stasjonar alltid er opne for kryssingar, tyder det at kapasiteten på strekninga aukar og det kan køyrast fleire tog. Særleg er dette aktuelt for å kunne ta unna den stadig aukande godstrafikken.


Grong - Mosjøen
Stasjonane på strekninga Trondheim – Grong vart fjernstyrte allereie i 1985, den neste etappen fram til Mosjøen (187 km) står ferdig i løpet av året. Anlegget vart tatt i bruk fram til Majavatn stasjon frå sist vinter. -Vi er på det nærmaste ferdige vidare fram til Mosjøen, og det som står att, er hovudsakleg å få gjennomført sluttkontroll av anlegga, seier prosjektsjef Jon Brede Dukan til Jernbaneverkets internettsider. Samtidig med at fjernstyringa vert teken i bruk vil også det nye kryssingssporet ved Eiterstraum mellom Trofors og Mosjøen bli opna for trafikk, noko som også er viktig for kapasitet og trafikkavvikling.

Mosjøen - Bodø
Arbeidet med å fjernstyre strekninga vidare nordover frå Mosjøen har også kome langt. Prosjektleiar John Iver Mogseth fortel at dei vonar å få tatt i bruk mellom seks og ti stasjonar i løpet av neste år. Det skal også byggjast eit nytt kryssingsspor på denne strekninga. Det kjem på den tidlegare stasjonen på Røkland i Saltdal der det nå berre er haldeplass. Røkland vil få eit kryssingsspor med 700 meter effektiv lengd og nye plattformer for persontrafikken.

Fjernstyringsanlegget for strekningen - Mosjøen - Bodø er beregnet å koste om lag 560 millioner kroner.

Det nye kryssingssporet ved Eiterstraum ligg klart til bruk. (Foto: Njål Svingheim)