Mangel på fagfolk forseinkar prosjekt

Mangel på fagfolk gjer at ein del utbyggingsprosjekt vert forseinka, og at vedlikehaldsaktivitetar kan verte råka, skriv Jernbanemagasinet. –Vi opplever for tida eit press på ressursane våre, spesielt innan fagområdet signal/tele, og det uroar oss, seier infrastrukturdirektør Jon Frøisland.

Jernbaneverket har den siste tida mista ein del viktige fagpersonar, spesielt innanfor området signal/tele. (Foto: Øystein Grue)Eit gledeleg trekk er at fleire driftstilsette som tok sluttpakke, allereie er tilbake i Jernbaneverket. Det hindrar ikkje at avskallinga held fram innanfor utsette fagområde.


– Det er heller ingen tvil om at vi har behov for å styrke ingeniør- og teknikarkompetansen. På litt lengre sikt ser likevel situasjonen lysare ut, opplyser infrastrukturdirektøren, som vil setje inn eit sett av tiltak for å halde på ettertrakta fagpersonar og rekruttere nye.

Når det gjeld nye Alnabru godsterminal, er den nå kostnadsrekna til 685 millionar kroner mens det første overslaget var 219 millionar kroner. Likevel er det ingen tvil om at det prosjektet er lønsamt.

– Det er framleis eit av et av dei mest lønsame jernbaneprosjekta i moderne tid her til lands, opplyser Jernbaneverkets utbyggingssjef Knut Jørgensen til Jernbanemagasinet. Prisauken gjer likevel at prosjektet må gjennomgå ein ekstern kvalitetssikring i regi av Finansdepartementet. Det tyder at bygginga tidlegast kan kome i gang i 2009 og stå heilt ferdig ved årsskiftet 2011/12.

Les meir om blant anna desse sakene i siste nummer av Jernbanemagasinet. Magasinet er vedlagd denne saka (pdf-format).