Komplisert togberging ved Kleven

Dei to vognene som låg att etter avsporinga 21.2. ved Kleven, vest for Hallingskeid på Bergensbanen, er no komne tilbake på sporet. Bergingsaksjonen 5.-6.mai vart vellukka, men gjekk ikkje heilt utan problem.

Dei to vognene som spora av ved Kleven i vinter, er nå berga og skal sendast til verkstad for reparasjon. (Foto: Inge Hjertaas)To 200-tonns mobilkraner var i aksjon. Den eine mobilkrana var på plass frå før, men den andre måtte framførast frå Hallingskeid og riggast med motvekter og anna før sjølve løfteoperasjonen kunne ta til. Det vart dessverre uventa store problem med å frigjera vognene frå kvarandre, og kranene hadde litt for låg kapasitet til å løfta den første vogna.


Men etter demontering av to hjulgangar gjekk løftet greitt. Kl. 23 laurdag kveld var den første vogna berga, og kl. 5.30 søndag var også den andre på sporet. Vognene var inne på Myrdal stasjon kl 9. Sjølv om bergingsaksjonen tok lenger tid enn føresetnaden var, vart strekninga opna for trafikk som planlagt.

I alt 21 personar frå NSB Berging og Beredskap, kranfirmaet og Jernbaneverket deltok i bergingsaksjonen.