Jernbaneverkets tilsette støder TV-aksjonen

Dei tilsette i Jernbaneverket gir i år frå seg den tradisjonelle julegåva og sender i staden 100.000 kroner til TV-aksjonen "Saman for born". Samstundes oppmodast alle andre offentleg tilsette om å støde årets TV-aksjon.

Dei tilsette i Jernbaneverket avstår i år frå den tradisjonelle julegåva og gir i staden 100.000 kroner til TV-aksjonen "Saman for born". (Tekning: Egil Nygård)

Internt i Jernbaneverket blei det i haust gjennomførd ei undersøking med tanke på om dei tilsette ynskja å gje frå seg den tradisjonelle julegåva og i staden gje det samla beløpet til årets TV-aksjon. Resultatet blei at eit stort fleirtall av dei som svarde på undersøkinga ynskja at pengane i staden for julegåve skulle gå til TV-aksjonen.


Årets TV-aksjon er tildela UNICEF Norge. Aksjonen gjennomførast i samarbeide med Noregs Idrettsforbund, Noregs Olympiske Komité og Right To Play. Inntektene går til born berørd av hiv og aids i ulike delar av verda.