Jernbaneverket vil greie ut fleire høgfartssamband

Samferdselsdepartementet har nå bede Jernbaneverket om å utvida den tyske konsulentgruppa VWI sitt oppdrag til å gjelde fleire høgfartssamband i Sør-Noreg. I tillegg til Oslo – Trondheim og Oslo – Gøteborg, har departementet nå bede om at alle relevante mogelegheiter for å betene marknadene i Sør-Noreg med høgfartstog skal greiast ut. Dette gjeld også "Den Sørnorske Høgfartsringen" og "Haukelibanen".

Regjeringa vil ha fleier høgfartssamband utgreidd. (Foto: Deutsche Bahn)Samferdselsminister Liv Signe Navarsete seier ho ser det som svært viktig at utgreiingane skjer av same utgreiar slik at samanlikningane mellom ulike samband blir tydelege. - Eg har tillit til at konsulentselskapet gjer eit godt arbeid med utgreiingane, og legg til grunn deira råd om å greie ut strekninga Oslo – Trondheim og Oslo – Göteborg, men det er heilt naudsynt også å få utgreidd samband mellom Oslo og Bergen/Stavanger, uttalar Navarsete.


Utgreiingane blir ferdige på ulike tidspunkt utover i 2007. Den fyrste fasen av utgreiinga blei gjennomført hausten 2006. Den andre fasen skal vere ferdig i april i år og den tredje fasen i september. Om det er naudsynt vil det og bli gjort ein fjerde utgreiingsfase der ein vel meir detaljerte studiar av eit eller fleire traséalternativ. Om ein vel å gå vidare med ein slik fjerde fase, må det lysast ut til ein ny anbodskonkurranse fordi dette arbeidet blir større og meir kostbart. Konsulentselskapet skal analysere etterspurnad, infrastruktur, driftskostnadar og driftskonsept for dei ulike strekningane og delstrekningane. Dette vil vise effekten av høgfartstog på fleire delstrekningar, i tillegg til ei heilskapleg løysing. Ved å sjå på ulike kombinasjonar skal ein utgreie den beste løysinga for eit eventuelt høgfartsnett i sørvest-Noreg.

-Vi har gjennom drøftingar med Samferdselsdepartementet kome fram til at dette er den beste måten å få eit godt grunnlag for korleis vi skal gå vidare med høgfartsutgreiingar i Noreg, seier prosjektansvarleg i Jernbaneverket, Lars Erik Nybø.