Jernbanesporet er ingen leikeplass

Jernbaneverket gjennomfører i samråd med Politiet og Krossen skule i Kristiansand eit informasjonsopplegg for elevane fredag 25.mai. Bakgrunnen er ei hending ved Suldal på Sørlandsbanen 21.mai der barn leika i jernbanesporet. Slik atferd er livsfarleg.

Frå eit liknande informasjonstiltak på Varhaug på Jæren for nokre år sidan. Foto: Sindre ÅnonsenMåndag 21. mai tok nokre gutar i alderen 8-12 år seg inn på jernbanelinja ved Suldalen i Kristiansand. Ifølgje vitne hadde dei både leika i sporet og gått inn i tunnelen like ved. Til alt hell var det ikkje tog i nærleiken då barna var i sporet. Jernbaneverkets togleiar fekk varsel om barna og sendte ut personale for å sjå om barna framleis var i sporet før første tog passerte staden.


Denne delen av jernbaneområdet er inngjerda, og desse gutane hadde truleg klatra over gjerdet eller porten for å koma inn på jernbanesporet. Gutane er elevar ved Krossen skule. Etter ei liknande hending for fire år sidan gjennomførte Jernbaneverket eit informasjonstiltak retta mot elevar og personale ved denne skulen, med sikte på å opplysa om kor farleg det er å ta seg inn på jernbanesporet.

På bakgrunn av hendinga denne veka, vil Jernbaneverket gjennomføra eit tilsvarande opplegg førstkomande fredag. Elevane blir kjørte i bussar til Grovane stasjon, der dei vil få oppleva kor fort og stilt toget nærmar seg. Deretter blir det ein gjennomgang i gymnastikksalen på skulen. Der vil elevane også få høyra korleis ein lokomotivførar opplever det når det er folk i sporet, utan å kunna stoppa toget trass i full oppbremsing.

Nærmare opplysningar ved: Inge Hjertaas tlf: 91650176