Jåttå i rute

Arbeidet med å byggje nye Jåttå haldeplass mellom Sandnes og Stavanger er i rute, og om alt går etter planen, vil haldeplassen bli tatt i bruk i januar. I mellomtida har Jernbaneverket fått løyve til mellombels å opne haldeplassen på Jåttå for ordinær bruk frå skolestart av.

Nå er ferien over og anleggsarbeida held fram på Jåttå (foto: Sindre Ånonsen)-Dei som har jobba på anlegget, har fått avvikla ferien, og nå startar arbeidet opp igjen, opplyser informasjonssjef Kjell Bakken i Jernbaneverket Utbygging. Før ferien vart den gamle jernbanebrua på staden riven og fundamenta for den nye brua støypte. Togtrafikken vart da dirigert om til det nye sporet over den nye brua ved sidan av. Nå startar forskalingsarbeida for støyping av den andre nye brua.

-Elles vil arbeida nå konsentrere seg om bygginga av plattforma på austsida av haldeplassen, den delen som ligg nærmast Viking stadion, legg Bakken til.

Fram mot opninga av den nye haldeplassen på Jåttå har både Jernbaneverket, NSB og kommunen ønskt å kunne nytte den mellombelse haldeplassen som vart bygd i tilknyting til Viking stadion for eit par år tilbake, til ordinær trafikk. Statens Jernbanetilsyn gav tidlegare i sommar si godkjenning til dette, under føresetnad av at Jernbaneverket sete i verk nokre enkle tiltak. Dette innebar blant anna å setje opp eit gjerde mellom dei to spora som går forbi haldeplassen. Dette er nå gjort, og haldeplassen vil kunne takast i bruk frå skolestart av i slutten av august.

-Elles vil det bli det same vakthaldet som tidlegare ved store arrangement og fotballkampar, seier regiondirektør i Jernbaneverket Region Vest, Lars Christian Stendal.

I november skal Jernbaneverket gjere ei sporomlegging og flytte fleire signal, noko som fører til at det i ein periode fram til den nye haldeplassen vert teken i bruk i januar ikkje kan stoppe tog på Jåttå.