-Jernbaneverket må auke fornyingstakten

Noreg er eit av svært få land i Europa der nivået på fornyingar i jernbanenettet dei siste åra har blitt lågare. I fjor brukte Jernbaneverket berre 40% av det som vart satsa på fornying av dei eksisterande banene i høve til for ti år sidan. -Jernbaneverket må difor fordoble fornyingane for å halde tritt med utviklinga, seier vedlikehaldsdirektør John Ole Grinde.

-Jernbaneverket må auke fornyingstakten, seier vedlikehaldsdirektør John Ole Grinde. (Foto: Øystein Grue)Fornyingar inngår som ein viktig del av vedlikehaldet, og det er ein rapport frå Den Internasjonale Jernbaneunionen (UIC) som viser at ein i Noreg bruker vesentleg mindre til fornyingar av dei eksisterande anlegga enn før. Berre sidan år 2000 har den delen av løyvingane som vert nytta til fornyingar vorte halvert. Ein rapport som Jernbaneverket har tinga frå tyske ekspertar, konkluderer med at etaten årleg bør bruke om lag 1,5 milliardar kroner til fornyingar og 600 – 700 millionar på anna vedlikehald av banenettet.


Fornying av anlegga inneber til dømes å skifte ut kontaktleidningsanlegga, skjener, sviller og sporvekslar. -Jernbaneverket fornyar mindre enn ein prosent av anlegga sine i året, opplyser vedlikehaldsdirektør John Ole Grinde. -Levealderen på komponentane er i snitt 50-60 år, og for å halde tritt med slitasje og elding bør vi auke fornyingstakten opp mot to prosent. -Vi meiner nivået i dag er for lågt til å vere bærekraftig. Det tyder at anlegga våre etter kvart vert for gamle. Dei går ut på dato og krev stadig meir vedlikehald og feilretting for å fungere. Dette fører også direkte til forseinkingar og uro i togtrafikken, seier vedlikehaldsdirektøren i Jernbaneverket.

Ikkje svimlande summar
Det er ikkje dei enorme summane som skal til for at vi skal kome opp på eit akseptabelt nivå i arbeidet med fornyingar av jernbaneanlegga. -Dersom vi kjem opp i vel ein milliard kroner til fornyingar i året, vil vi kunne halde tritt med utviklinga. For å ta igjen det samla etterslepet, bør vi opp mot 1,5 milliardar i nokre år, seier Grinde. Han er sjølvsagt glad for at investeringsmidla til jernbanen nå har auka, men meiner også at staten må auke satsinga til fornyingar i tillegg. 
 
Ballastrenseverket i arbeid. (Foto: Njål Svingheim) 

Billigare drift
-Ved å skifte ut komponentane i tide, det vil seie når den tekniske levealderen er nådd, vil vi etter kvart kunne bruke mindre til korrektivt vedlikehald og feilrettingar, noko som er dyrt og ofte medfører trafikkforstyrringar, seier vedlikehaldsdirektør Grinde.

Eit enkelt jernbaneland
Noreg er eit enkelt jernbaneland. Samanlikna med dei andre landa i Europa har vi lågast del dobbeltspor av alle; vi har få sporvekslar per kilometer bane og eit relativt spinkelt jernbanenett.
-Vedlikehaldsstandarden er i dag gjennomgåande god, men den låge delen fornyingar gjer at etterslepet stadig vil auke i åra som kjem dersom vi ikkje nå får snudd utviklinga, seier Grinde.