Halve Noreg kan ta toget

Om framlegga i Jernbaneverket si stamnettutgreiing blir gjennomførte, kan halvparten av folket i Noreg bu og arbeide kor dei vil og likevel nå jobben på ein time eller mindre med tog i år. Samstundes kan godstrafikken bli tredobla.

Passasjerer på Oslo S i rushtiden. (Foto: Øystein Grue)Det syner overslag som avdelinga for plan og utgreiing i Jernbaneverket har gjort på oppdrag frå Jernbanemagasinet.


Alt i 2020
For å nå desse måla er det naudsynt med investeringar på mellom 78 og 104 milliardar kroner i perioden 2010-2040. Det lågaste talet svarar til noverande nivå i Nasjonal transportplan (NTP) på 2,2 milliardar kroner i året. Det høgaste krev nesten ein milliard meir i året.

Dersom dei årlege løyvingane til investeringar i jernbanen aukar frå 2,2 til tre til om lag fire milliardar kroner i neste NTP-periode frå 2010-2019, vil halve Noreg kunne få ein time eller mindre i reisetid til og frå jobb alt i 2020.

Ei mogleg utbygging av høgfartsbanar vil bringe mange fleire under denne timesgrensa. Eit breitt fleirtal på Stortinget signaliserte nyleg stor interesse for å satse på høgfartsbanar.

Brei debatt
– Det vil definitivt vere fint om halve folkesetnaden i Noreg kunne få ei reisetid på ein time eller mindre til og frå jobben med tog, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til Jernbanemagasinet.

I stamnettutgreiinga legg Jernbaneverket opp til ei satsing på persontrafikk på korte og mellomlange relasjonar med mål om kortare reisetider og auka frekvens. Det er òg eit mål å sikre at godstoga kjem fram på dei lange strekningane – sjølv med ei tredobling av godstransporten.

Tidlegare førebuingar til dei nasjonale transportplanane har teke form av eit internt arbeid mellom Samferdsledepartementet og dei underliggande etatane. No legg samferdselsministeren opp til ein brei debatt frå første stund.