Skiløparar utset seg for fare når dei kryssar jernbanesporet

Det er heldigvis lenge sidan vi har opplevd dødsulykker på Bergensbanens høgfjellsstrekning, men det betyr dessverre ikkje at det er slutt på farefull kryssing av sporet.

Også i år ser vi skispor som kryssar der det ikkje er tilrettelagt for det. Strekninga Finse – Geilo er «verstingen», men også ved Mjølfjell viser skispora at folk utset seg for livsfare når dei kryssar sporet. Sjølv om ulykkene er sjeldne, er det ei påkjenning for lokomotivføraren å køyra over fjellet på denne tida når det er tett mellom kryssande skispor. Han veit ikkje kva han får sjå rundt neste sving, men det han veit, er at han treng ein kilometer for å stogga toget.

Derfor går Jernbaneverket, i samarbeid med NSB, kvar vinter ut med oppmodingar til skiløparane om å visa ansvar. Sjølv om det betyr ein omveg, er det stader der sporet kan kryssast trygt: På planovergangar og overgangsbruer, via undergangar og over tunnelar.

Skispor i trong skjæring. Slikt set óg støkk i lokomotivføraren.

 

 

Skiseglarar må passe seg for straumleidninga

Fare for å bli påkøyrt bør jo vera innlysande, i tillegg må vi minna om at det er livsfarleg å koma i kontakt med kontaktleidningsanlegget. Leidninga fører straum på 15 000 volt, og vi har opplevd at skiseglarar har fått snorene inn i leidningsanlegget. Sjølv om seglaren ikkje skulle få straum i seg, blir det trafikkstans fram til skjerm og snorer er rydda vekk.

Skiseglarar må halde seg langt unna kontaktleidningsanlegga.