Omfattande arbeid på fleire baner i helga 4/6-5/6

Både på Bergensbanen, Sørlandsbanen, Vestfoldbanen og Østfoldbanen skal Jernbaneverket gjennomføra arbeid som fører til store endringar i togtrafikken 4.-5. juni, mange tog blir heilt eller strekningsvis erstatta med buss.

Arbeid med fprberedende ballastrensing på Østfolbanen. (Foto: Njål Svingheim)
Skal du reisa med tog denne helga, rår vi deg derfor til å setja deg inn i dei detaljerte oversiktene på NSBs nettsider, ev. kontakta NSBs kundesenter på telefon 815 00 888.

Arbeid som skal utførast i helga 4-6 - 5/6:

Bergensbanen, strekninga Voss-Bergen

  • I samband med bygging av ny tunnel Arna-Bergen, skal følgjande gjerast:
    • oppmålingsarbeid i Ulriken tunnel i samband med bygging av den nye tunnelen.
    • sikring av fjellveggen ved opninga til Ulriken tunnel i Fløen med nett og boltar
    • bygging av nytt spor og rampe for beredskapsvogna i Bergen
    • trekking av nye signalkablar frå Fløen til Bergen stasjon
    • fundamentgraving for kontaktleidningsanlegget i Fløen
  • Byte av sporveksel på Stanghelle.
  • Innlegging av ny stikkrenne ved Romslo.

Sørlandsbanen, strekninga Egersund-Stavanger

  • Innlegging av sporvekslar ved Kvalaberg
  • Arbeid med signalanlegg på Bryne

Østfoldbanen, strekninga Sarpsborg-Halden

  • Førebuing til ballstreinsing. (Ballastreinsing betyr maskinell reinsing av pukklaget som svillene ligg i.)
  • Arbeid med signalanlegg.

Vestfoldbanen, strekninga Drammen-Larvik-Skien

  • Arbeid med vegsikringsanlegg Sandefjord
  • Skjenebyte 
  • Arbeid i samband med dobbeltspor Holm-Nykirke
  • Ny bru for E18 mellom Larvik og Skien

Sjølv om togtrafikken er strekningsvis innstilt i anleggsperioden, vil det gå arbeidstog heile helga. Ein må derfor forhalda seg til sporet som normalt: