Til fjells? -Pass deg for toget

Også i år ser vi mange kryssande skispor på Bergensbanens høgfjellsstrekning. I tillegg til at det er ulovleg, er det livsfarleg å kryssa jernbanesporet der det ikkje er tilrettelagt for det.

Jernbanen må berre kryssast på stader det er lagt til rette for dette. Toget kjem fort og stille! <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Vi har dessverre opplevd både dødsulukker og ein del «nære-på»-situasjonar på Bergensbanens høgfjellsstrekning pga. at skiløparar tar sjansar ved kryssing av sporet. Jernbaneverket ser med stor uro på slik framferd. Det er umogeleg å sperra av jernbanelinja, spesielt når snøen ligg djup langs høgfjellsstrekninga. Vi er derfor avhengige av at folk er ansvarlege og ikkje tar sjansar når sporet skal kryssast. Toget kjem fort og stilt, og det tek tid å stoppa. Det er stader der sporet kan kryssast trygt – på planovergangar, på overgangsbruer, via undergangar og over tunnelar. Sjølv om det blir ein omveg så ta det som ein del av turen!

Det har òg hendt at skisegling og “kiting” har skjedd for nær jernbanelinja. Det mest openberre er jo faren for å bli påkjørt av toget, det som er like viktig å hugsa på, er at det er livsfarleg å koma i kontakt med kontaktleidningen via snorer eller på annan måte. Leidningen fører straum med spenning på 15 000 volt. Skisegl og snorer i kontaktleidningsanlegget kan dessutan skapa langvarig trafikkstans på banen, sjølv om “syndaren” ikkje sjølv kjem til skade. Kjørestraumen må koplast ut, leidningsanlegget må jordast, og fagpersonale må tilkallast med spesialvogn for å klippa ned det som heng i leidninga. 

I samband med vinterferie/påske ynskjer Jernbaneverket, i samarbeid med NSB AS, å informera om korleis skiløparar trygt kan ta seg fram langs høgfjellsstrekninga. På stasjonane på høgfjellet finn ein informasjonsplakatar og -brosjyrar, og ein vil òg finna informasjon på Jernbaneverket.no. I toga vil NSB informera via høgtalarane i vognene. 

Vi ønskjer alle gode, trygge dagar i fjellet!