Strakstiltak skal løfte gods på jernbane

Jernbaneverket lanserer nye strakstiltak for å betre vilkåra for godstrafikk på jernbanen. Eigen godspakke, eiga kompensasjonsordning for innstilte godstog når jernbanen sviktar, og sterkare vedlikehald på Alnabru er av dei viktigaste grepa.

Et godstog på Saltfjellet på Nordlandsbanen. Foto: Øystein Grue.

– Vi har hatt nær dialog med godsnæringa, og er trygge på at dei nye tiltaka vil gje eit oppsving for gods på bane. Næringa får sikrare transport med ei kompensasjonsordning, og vi oppgraderer terminalfunksjonar i Oslo og Trondheim (Heggstadmoen), samt framskundar kryssingsspor, seier jernbanedirektør Elisabeth Enger.

Tiltakspakka har ein verdi på over ein milliard kroner frå 2016 – 2018.

Start på langsiktig satsing

Jernbanenettet blir stadig betre etter fleire års innsats med fornying, vedlikehald og dobbeltsporutbygging. Det er stor passasjervekst. Punktligheita er betre, også for godstrafikken.

 – Strakstiltaka skal attereise trua på  at jernbanen vil ta sin del av godsveksten. Jernbane er miljøvenleg, sikker og konkurransedyktig på pris. Vi arbeider langsiktig for at jernbanen skal ta ein aukande del av godstransporten frå veg, seier Elisabeth Enger.

Den breie godsanalysen frå august 2015, som er ein del av utgreiinga i arbeidet med Nasjonal transportplan, slår fast at godsmengdene vil auke og at mellom 5 og 7 millionar tonn gods kan overførast frå veg til bane og/eller sjø. 3,5 millionar tonn er eigna for jernbane. Dette tilsvarer ca. 800 daglege vogntog på vegane våre. Marknadsdelen til jernbane på hovudstrekningane har tradisjonelt vore svært god, men posisjonen er no trua på strekninga Oslo-Trondheim. Derfor tar ein her særskilde grep.

 Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og jernbanedirektør Elisabeth Enger på Alnabru da strakstiltakene for gods ble presentert.

Oslo-Trondheim er kritisk

Roger Kormeseth er hyra inn som «godsgeneral» i Jernbaneverket for å identifisere tiltak som på kort sikt kan skape vekst for gods. Kormeseth har bakgrunn frå logistikkbransjen, og kjenner dei norske og internasjonale varestraumane godt som mangeårig brukar.

– Det hastar med terminaltiltak i Trondheim, seier han. – Gjer vi ikkje noko no, vil mykje av godset mellom Oslo og Trondheim ende opp på veg. Dei store godsaktørane har etablert seg sør for Trondheim. Det er derfor viktig å etablere større kapasitet på jernbanen her gjennom å oppgradere Heggstadmoen og Heimdal stasjon til å kunne ta større godsmengder. Dette tiltaket er avgjerande i påvente av ny godsterminal for Midt-Noreg. Utan tiltak i Trøndelag, risikerer ein at grunnlaget for ei større jernbanesatsing forsvinn, seier han.

 
 

Kryssingsspor blir framskunda

Arbeidet med å forlengje kryssingsspor skulle i følgje Nasjonal transportplan ikkje byrje  før om nokre år, men no blir fleire av tiltaka framskunda til 2016, 2017 og 2018. Det blir no sett i gong planlegging av kryssingsspor og andre kapasitetsaukande tiltak til ca. 630 millionar kroner. Vidare blir det arbeidd med å forsere bygginga av slike spor.

 
 

Kompensasjonsordning frå 1. mars

Kompensasjonsordningen skal tre inn ved svikt på jernbanen som fører til innstillingar av godstog. Til dømes som følgje av signalfeil eller annan teknisk svikt i infrastrukturen. 50 000 kroner per tog og 1000 kroner per containar/vogn. Ordninga trer i kraft 1. mars 2016. Ordninga kjem med den føresetnaden at ESA godkjenner ho.