Ny arbeidshelg på Jærbanen

Frå 6. november klokka 21.00 til 8. november klokka 06.00 gjer Jernbaneverket arbeider på strekninga frå Sandnes tilEgersund/Moi. Strekninga vil bli stengd for togtrafikk.

Arbeidet med å fornye kontaktleidningen på Jærbanen held fram.

  •  Denne helga skal det byggjast om 2300 m kontaktleidningsanlegg sør for Varhaug stasjon. Dette er eit gamalt anlegg som vert demontert og fjerna frå sporet før nytt anlegg vert montert og teke i bruk.
  • Montering av nye kontaktleidningsmaster ved Nærbø stasjon og mot Bryne. 
  • Arbeid med kabelkanalar frå Ogna til Brusand.
  • Justering av kontaktleidningsanlegg mellom Klepp og Bryne.
  • Skogrydding mellom Bryne og Klepp.

I tillegg vil andre arbeidergå føre seg:

  • Graving av kabelkanalar frå Bryne til Nærbø og frå Egersund til Hellvik.
  • Diverse vedlikeholdsarbeid på sporet frå Orstad til Vigrestad.

NSB sett opp buss for tog for mange togavgangar. Sjekk om det går buss for ditt tog på www.nsb.no.

Ny kontaktledning sør for Brusand stasjon på Sørlandsbanen. Foto: Odd R. Tjosevik.