Går for ny bane og veg Arna - Voss

Regjeringa går inn for å byggje ny Bergensbane og E16 frå Arna til Voss i tråd med tilrådingane frå Jernbaneverket og Vegvesenet. Første etappe blir frå Arna til Stanghelle. Ei svært rasutsett strekning kan dermed fjernast.

Både veg og bane er svært rasutsatt på strekningen. Her ved Bogelia gikk det flere ras på forsommeren 2015. (Foto: Njål Svingheim)
Jernbaneverket og Statens vegvesen får no i oppdrag å planleggje ny veg og bane frå Arna til Voss, med første etappe Arna - Stanghelle. - Dette er ei veldig viktig strekning for både veg og jernbane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Planlegginga skal skje etter det såkalla K5-alternativet som betyr ei heilskapleg løysing for heile strekninga. Den første etappen frå Arna til Stanghelle utgjer om lag helvta av strekninga Arna - Voss og vil koste drygt 15 milliardar kroner.

Statleg plan
Regjering legg opp til at planlegginga av strekninga skal skje etter statleg plan, som eit felles prosjekt og med effektiv framdrift. På same måte som for Ringeriksbanen og E16 vil regjeringa også gå rett på reguleringsplanarbeidet, utan å gå via kommunedelplan. Dette skal gjerast for å kunne framskunde tidspunktet for oppstart av anleggsarbeidet.

Tryggare og raskare
Når Arna - Stanghelle blir ferdig utbygd vil reisetida bli redusert frå 28 til 13 minutt på jernbanen og frå 30 til 19 minutt på veg. I tillegg aukar transportkapasiteten og ikkje minst sikkerheita. Dagens veg og bane er svært rasutsett og i tillegg er vegen ulykkesutsett. Med Ringeriksbanen som kortar inn reisetida på Bergensbanen med nesten ein time, og prosjekta på Vossebanen blir også den totale reisetida på Bergensbanen monaleg redusert. Fullt utbygd vil K5-alternativet som no er lagt til grunn bety at strekninga skal byggast ut med firefelts veg frå Arna til Romslo og dobbeltspora bane på heile strekninga.

- Dette er eit stort og dyrt prosjekt som det vil ta tid å realisere, men no tar vi eit viktig steg, seier samferdselsministeren. Prioritering av midlar til bygging av strekninga Arna - Stanghelle vil bli vurdert i arbeidet Nasjonal transportplan 2018 -2029.

Regjeringas oppdrag følgjer dermed opp tilrådingane i Jernbaneverkets og Statens vegvesens tilleggsutgreiing som blei lagt fram tidlegare i år.