Flåmsbana når 760.000 passasjerar i år

Flåmsbana kjem i år til å sette ny passasjerrekord nok ein gong. – Innan året er omme rekner vi med å nå 760.000 passasjerar, seier dagleg leiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling.

Turistar straumer til Flåmsbana, i år blir det nok ein gong ny rekord. (Foto: Njål Svingheim)  -Vi er kjempegodt nøgde med trafikken i år, seier Sivert Bakk. Flåmsbana er ein av Norges største turistattraksjonar og tilstrauminga frå turistar berre held fram med å auke. For 2015 ser auken ut til å bli på 8% frå året før. –Vi ser nå at kronekursen påverker oss veldig positivt, det blir billegaere å vitje Norge, sier Sivert Bakk, dagleg leiar i Flåm Utvikling.

Vår og haust
- I år har vi óg lukkast med å få fleire til å ta turen med Flåmsbana på våren og på hausten, seier Bakk. I april i år hadde vi 29% fleire passasjerar og i september ser vi ut til å få 20% fleire. I år gjer vi óg sesongen lengre, vi køyrer sumarruter heilt  til 4.oktober. Flåmsbana har ti togpar i kvar retning i sumarsesongen (frå april til oktober), medan det vert køyrd fire togpar i vintersesongen.
Daglig leder i Flåm Utvikling, Sivert Bakk.Flåmsbanas vogner har før denne sesongen blitt pussa opp

Togtrafikken på Flåmsbana vert mrknadsført av selskapet Flåm Utvikling AS der NSB eig halvparten av aksjene, medan Aurland Ressursutvikling eig den andre halvparten. Toga vert køyrd av NSB på oppdrag frå Flåm Utvikling. I 2015 fekk selskapet eit resultat før skatt på nære 55 millionar kroner.

Jernbaneverket har i 2015 gjenomført arbeider på Flåmsbana knytt til rassikring og store etterarbeider etter storflaumen i Flåmsdalen i oktober 2014.

Les meir om Flåmsbana her.

Historikk for Flåmsbana:

  • 1925: Anleggsstart
  • 1940: Opna for trafikk
  • 1944: Elektrisk drift  
  • 1958 - 1997: Direkte sovevogn Flåm – Oslo  
  • 1969: Diskusjonar om nedleggjing av banen
  • 1989: Trafikkvekst gjenom 1980-tallet, 200 000 reisande årleg
  • 1992: Ny stasjonsbygning i Flåm
  • 1994: Ny trafikkvekst, 380 000 reisande
  • 1998: Flåm Utvikling AS tok over trafikken
  • 2000: Kjosfossen haldeplass fekk ny stor plattform
  • 2005: Ny passasjerrekord, 475 000 reisande
  • 2009: Nye breiaere og lengre plattformer i Flåm
  • 2010: Berekvam stasjon fekk sikringsanlegg
  • 2010: Toga fekk datastyrt informasjonssystem om bord med guiding på 15 språk
  • 2014: Flåmsbana kåra til verdas beste togreise av reiselivsmagasinet Lonely Planet
  • 2011 – 2015: Nye trafikkrekorder kvart år, 2015 endar på over 760.000 reisande


Ved Kjosfossen stopper toga ved utsiktsplattforma.

Utsikt frå toget ned Myrdalsberget og mot Flåmsdalen.