Arbeidshelg på fleire baner 25.-27/9

I helga 25.-27. september arbeides det på fleire banestrekninger. Dette fører til innstilte tog i delar av helga.

Illustrasjonsbilde: Anleggsarbeid på og ved fleire baner i helga. (Foto: Njål Svingheim)
Følgjande strekninger blir berørde:

  • Gjøvikbanen: Oslo S – Roa (laurdag-søndag)
  • Bergensbanen: Oslo S - Bergen (fredag-søndag)
  • Flåmsbana: Flåm – Myrdal (fredag – søndag)
  • Dovrebanen: Eidsvoll – Hamar – Lillehammer – Trondheim S (laurdag-søndag)
  • Rørosbanen: Hamar - Røros – Trondheim S (laurdag-søndag)
  • Nordlandsbanen: Trondheim – Stjørdal (fredag-måndag)
  • Nordlandsbanen: Trondheim S – Bodø (laurdag-måndag)
  • Meråkerbanen: Trondheim - Storlien (laurdag-søndag)

NSB køyrer ikkje alternativ transport for fjerntoga. Men det vert sett opp bussar for lokal- og inertcitytog. Toga på Rørosbanen går som vanleg, men med buss  for tog mellom Løten og Hamar/Eidsvoll og Trondheim og Støren.
Sjå NSB si oversikt over berørde tog og tidspunkt her.
Bergensbanen sine fjerntog er innstilt frå og med nattoga fredag kveld og går som normalt att frå sundag morgon.

 Av større arbeid som skal utførast, kan nemnast:

Dovrebanen: Ny kulvert ved Fåvang, byte av stikkrenner, omlegging av spor, kontaktleidning og kablar, sporvedlikehald.

Bergensbanen: Fornying av snøoverbygg, rassikring både på aust- og vestsida, flaumsikring langs elva Vosso, sporvedlikehald, naudlys i tunnel, plattformarbeid Voss st. og arbeid på elektroanlegg.

Sjølv om det strekningsvis er stengt for ordinær togtrafikk, vil det gå arbeidstog heile helga. Tog kan ventast til ei kvar tid!