Arbeidshelg på Sørlandsbanen

Førstkommande helg, 14-15. november, blir Sørlandsbanen stengd frå Drammen til Kongsberg. Årsaka er arbeider på Hokksund og Steinberg stasjonar, for utan på ein ny undergang i Rødgata i Drammen. Dovrebanen er framleis stengd.

Det står framleis att arbeider på den nye undergangen ved Rødgata i Drammen. Foto: Esben Svendsen

Togtrafikken vert stoppa frå Kongsberg til Drammen i perioden frå kl. 0130 natt til laurdag 14. november til kl. 0200 natt til måndag 16. november. Det skal gjerast arbeider på tre stader.

I Rødgata skal helga nyttast til omfattande anleggsarbeider. Det innebér spunting, kalkpeling, gravearbeider og støyping av veggar i kulvert. Det vil bli støy frå arbeidet heile døgeret.

På Hokksund stasjon skal det etablerast nye føringsvegar for kablar under togsporet. Dette vil medføre noko støy, men arbeida skal skje frå 0700 og 1800 laurdag og sundag.

Framleis arbeid på Dovrebanen

I heile november går det føres seg det arbeider på Dovrebanen, frå Eidsvoll til Hamar. Det nye dobbeltsporet langs Mjøsa skal koblast inn, og togtrafikken startar ikkje opp att før 1. desember. Du kan lese meir om stengninga her.