Arbeider på jernbanen i helga

Jernbaneverket utfører vedlikehaldsarbeid på Jærbanen og Vestfold-/Bratsbergbanen i helga.

Jærbanen

Denne helga blir det nok ei travel arbeidshelg på Jærbanen frå fredag 27. november klokka 21.00 til søndag 29. november klokka 06.00. Dessverre vil dette få konsekvensar for togtrafikken. Informasjon om korleis NSB vil avvikle trafikken, finst på www.nsb.no eller ein kan få det på telefon 815 00 888.

I perioden banen er stengd, skal det utførast kantreins, byggast nye føringsvegar for kablar mellom Egersund og Hellvik, og gjerast skinnebytte mellom Helleland og Egersund.

Arbeidet med å fornya kontaktleidningsnettet på Jærbanen held fram også denne helga. Det skal strekkast ny line mellom Nærbø og Bryne, og tidlegare strekte liner skal justerast. På strekninga Brusand - Varhaug skal Jernbaneverket fjerne gamle tremaster og gjennomføra generell opprydding.

Drammen- og Vestfoldbanen

Strekninga mellom Asker, Gulskogen og Holmestrand blir stengd for vedlikehaldsarbeid laurdag 28. november klokka 21:30. Arbeidet går fram til søndag morgon klokka 07:30.

I løpet av ti timar skal det mellom anna vera vedlikehald i Lieråsen tunell mellom Asker og Drammen. Her skal det utførast årleg kontroll av lågspenningsanlegget og signalanlegget. Inne i tunnelen skal det også byttast sporfeltrele og ved tunnelopninga skal varmekablar reparerast.

På Sundhaugen ved Drammen stasjon startar arbeidet med å installera nytt og betre lys. Nytt lysanlegg vil gjere området meir oversiktleg og sørgje for auka tryggingsmiljø for togpersonell i området.

NSB set opp alternativ transport.

Larvik - Nordagutu

Frå laurdag 28. november klokka 20.00 vil Vestfoldbanen fra Larvik og Bratsbergbanen til Nordagutu bli stengd for termofotografering av kontaktleidningsanlegget. Termofotografering blir brukt for å avdekke moglege veikskapar ved kontaktleidningsanlegget før det får følgjer for togtrafikken. Arbeidet vil ta ti timar og strekninga Larvik-Nordagutu kan ikkje trafikkerast i denne perioden.

Stenginga får konsekvensar for toga med avgang frå Larvik mot Skien laurdag kveld klokka 21.44, 23.37 og 01.37. Tilsvarande gjeld dette det første toget søndag morgon frå Skien klokka 05.38.