Arbeid på Vossebanen 20.-21.juni

Frå natt til laurdag 20.juni til søndag morgonn 21.juni blir det arbeidd med nye Ulriken tunnel i Arna og diverse vedlikehald og oppgradering frå Arna til Stanghelle. Det vil difor ikkje gå tog på strekninga Bergen-Stanghelle i perioden. Sjå NSB sine nettsider for informasjon om alternativ reise.

Arbeid ved tunnelåpningene i Arna
I Arna skal Jernbaneverket bore til fundamenter til vegbrua som seinere skal kome på E16 - Arnavegen over jernbanetunnelane. Vi skal også gjere førebuingar til å rive delar av dagens vegbru på FV237 - Reinane.

Arbeidet skjer i området ved tunnelopningane til nye og eksisterande Ulriken tunnel, og det meist støyande arbeidet vil gå føre seg laurdag 20. juni fråkl. 7 til 19. Det er ikkje planlagt sterkt støyande arbeid på nattestid.

Anna arbeid som skal gjerast
• Skogrydding frå Arna til Stanghelle
• Nytt kontaktledningsanlegg frå Trengereid til Takvam
• Massebytte i og ved sporet ved Bogelia
• Nye stikkrenner frå Vaksdal mot Stanghelle

Det er for tiden stor byggeaktivitet i området ved åpningen til nye Ulriken tunnel