Transportkomiteen vil leggje bort Åsa-linja for Ringeriksbanen

Ein samrøystes Transport- og kommunikasjonskomité på Stortinget vil oppheve vedtaket frå 2002 om at Ringeriksbanen skal planleggjast etter Åsa-linja. Dette er i tråd med tilrådingar frå både Regjeringa, Jernbaneverket og Statens vegvesen.

Det var i 2002 at Stortinget vedtok at vidare planleggjing av Ringeriksbanen skulle gjerast etter den da aktuelle traséen frå Sandvika til Hønefoss om Åsa. Seinare utgreiingar og ynskje om samordning av prosjekta for ny E16 og Ringeriksbanen har ført til at Jernbaneverket og Statens vegvesen i november 2014 tilrådde at Åsa-traseen vart lagt bort. Regjeringa fremma nå i vår ei sak om oppheving av Åsa-vedtaket for Stortinget, og ein samrøystes Transportkomite støtter dette i si innstilling.

Endeleg vedtak i saka er venta om kort tid.

Les komitéinnstillingen her.

Jernbaneverket og Statens vegvesen anbefaler traseen over Kroksund med stasjon på Sundvollen for Ringeriksbanen.