Transportetatane leverte grunnlag for ny Nasjonal transportplan

Transportetatene leverte i dag over rapporten ”Utfordringar for framtidas transportsystem” til Samferdselsdepartementet.

Rapporten frå transportetatane er ein del av det faglege grunnlaget for Samferdselsdepartementets vidare arbeid med ei stortingsmelding om ny Nasjonal transportplan.

Statens vegvesen, Jernbaneverket, Kystverket og Avinor presenterer i rapporten viktige problemstillingar og utfordringar som det bør arbeidast vidare med i planfasen av Nasjonal transportplan 2018-2027.

I tillegg blei delrapport 1 ”Kartleggjing og problemforståing” levert. Denne rapporten er den fyrste i prosjektet ”Breid samfunnsanalyse av godstransport” og er ei kartleggjing av trender og utviklingstrekk, for uten ei utgreiing av problemforståinga.

Pressemeldingane i samband med overleveringa ligg som vedlegg til høgre saman med rapportane.

Gå til nettsida for Nasjonal transportplan.