Togpassasjerene meir nøgde med Jernbaneverket

Dei som reiser med tog har blitt meir nøgde med servicen frå Jernbaneverket. Togpassasjerane er meist nøgde med stasjonsområda, medan informasjon som vert gjeven på stasjonane ved avvik har størst framgång.

Stasjonsområdene svorer høyt i undersøkelsen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
-Vi gler oss over å kunne notere framgång på viktige område som vi i Jernbaneverket har ansvar for, seier trafikkdirektør i Jernbaneverket, Bjørn Kristiansen. Togbrukerane er altså totalt sett meist nøgde med stasjonsområdene som får ein score på kundetilfredshets-indeksen (KTI) på 80 for lokaltogsområdet på Austlandet og på 87 for resten av landet.
–Vi noterer oss også at både NSB og Flytoget gjer det svært godt på sine målinger, så dette er totalt sett gode resultater for jernbanen, seier Kristiansen.

Ein kundetilfredshet på 75 eller betre vert rekna som særs godt, over 70 som godt, medan under 60 vert karakterisert som svakt.

- Stasjonane våre scorer høgt på reinhald, vedlikehald og på at det er lett å finne fram. Ein aukande del i austlandsområdet opplever også at det er tilstrekkeleg med parkeringsmogelegheiter, men denne andelen er framleis låg, seier marknadssjef i Jernbaneverket, Cecilie Pindsle. 

Avviksinformasjon framleis utfordrande
Det største problemområdet er informasjonen som vert gitt ved avvik i trafikken. -Her er gledeleg nok framgången størst, men framleis er det store utfordringar knytta til dette, seier marknadssjefen.  KTI for avviksinformasjon har auka frå 52 til 55, men det er likevel langt att før dei reisande er nøgde på dette området. – Avvik i trafikken er i utgangspunktet negativt og dermed er krava til riktig informasjon til rett tid enda høgare her, seier Cecilie Pindsle. Andelen togreisande som seier dei har opplevd avvik går nedover, og andelen som har fått avviksinformasjon på stasjonen er 70%. Informasjonsskjermane på stasjonane er i følgje undersøkinga lette å lese og inneheld tilstrekkelig med informasjon. Likevel må vi kontinuerleg jobbe med å få ut riktig informasjon i alle kanalar så tidleg som mogeleg ved trafikkavvik, seier ho.

Jernbaneverket vil jobbe aktivt med å betre avviksinformasjon, leggje til rette for betre rutetilbod og punktlegheit. Når det gjeld parkeringsmogelegheiter på stasjonane så er dette det området som totalt sett har lågast score. - Dette trekkjer ned totalresultatet, så det er klårt at her har vi ei skikkeleg utfordring framover, seier Pindsle. Jernbaneverket jobbar med å auke parkeringskapasiteten på ei rad stasjonar, men det er krevjande å få til dette over alt.


Kundetilfredshet med Jernbaneverket, vårmåling:

KTI

Var 2011

Vår 2012

Vår 2013

Vår 2014

Vår 2015

Stasjonsområde lokaltrafikk

73

77

77

81

80

Stasjonsområde region/riks

76

84

83

85

87

Informasjon på stasjonar, lokal

72

81

80

84

84

Informasjon på stasjonar, region/riks

78

87

86

89

88

Informasjon ved avvik, lokal

51

51

49

52

55

Informasjon ved avvik region/riks

58

57

52

53

53

JBV KTI

68

73

71

74

75