Toget kjem fort og stilt!

Også i år ser vi mange kryssande skispor på Bergensbanens høgfjellsstrekning. I tillegg til at det er ulovleg, er det livsfarleg å kryssa jernbanesporet der det ikkje er tilrettelagt for det.

Jernbanen må berre kryssast på stader det er lagt til rette for dette. Toget kjem fort og stille! <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

I år er det også svært mykje snø i fjellet, og det er følgjeleg høge brøytekantar langs linja. Derfor kan ein bli fanga i ei dødsfelle om ein oppheld seg i sporet. På strekninga aust for Finse kjører toga i 160 km/t, dvs. ca. 45 meter i sekundet. Er du i sporet når du får auga på toget, har du såleis berre sekundar på deg for å koma deg unna.

Flest kryssande skispor finn vi på strekninga Geilo – Finse, men også i Mjølfjell-området ser vi slik risikoåtferd.

Sjølv om det er mange år sidan siste dødsulykke, har det vore fleire «nære på»-situasjonar. Det har gått bra, men lokomotivføraren får seg ein støkk, han er ganske hjelpelaus når bremselengda er ein kilometer eller meir.

Nokre brukar rutetabellen for å finna trygge tidspunkt å kryssa på. Dette er ikkje tilrådeleg. Sjølv om togtrafikken er punktleg, kan det koma forseinka tog, dessutan fortel ikkje ruteheftet om godstog, brøytemaskiner og andre arbeidstog.

Det einaste vi kan anbefala, er å kryssa sporet der det er tilrettelagt for det – på planovergangar, over tunnelar, under bruer og via undergangar. Det kan bli ein omveg, men heilt naudsynt for å vere trygg.

Dei høge brøytekantane aukar også faren for å koma nær kontaktleidningsanlegget, som fører straum på 15 000 volt. Hald god avstand!

Vi ønskjer alle gode, trygge påskedagar i fjellet!