Nordlandsbanen opna etter fastkøyring

Nordlandsbanen opna att over Saltfjellet frå Bolna til Lønsdal midt på dagen tysdag etter at nordgåande tog frå Mosjøen til Bodø køyrde seg fast i snøen.

Motorvognsettet av type 93 i nordgående regiontog Mosjøen - Bodø kjørte seg tirsdag formiddag fast i snøen på Saltfjellet. <strong> Foto: Tom Rainer Olsen</strong>

(Oppdatert kl 13)

Like før klokka 13 tysdag var togsettet gravd fram frå snømassane og trekt attende til Bolna stasjon. Samstundes gjekk det føre seg snørydding av strekningen frå Bolna til Lønsdal over Saltfjellet, og Nordlandsbanen blei opna så snart snøryddinga var ferdig.

Jernbaneverket hadde to gravemaskiner i nærleiken av staden der toget køyrde seg fast. Desse arbeida med å opne stikkrenner før snøsmeltinga og kunne såleis vere med å grave toget løs frå  den svært hardpakka snøen innåt togsettet. Det blei óg sendt ein Beilhack-maskin (stor snøfreser/plog) frå Dunderland opp til stadent for å rydde unna snøen innåt toget. 

Etter at Beilhack'en kom fram til det fastkøyrde togsettet blei det trukket tilbake til Bolna stasjon.

Det var kraftig uvær på Saltfjellet og samstundes var E6 over fjellet óg stengd.

Her har Beilhack'en kommet fram til det fastkjørte toget. <strong> Foto: Tom Rainer Olsen </strong>