Tilråding for ny godsterminal i Trondheimsregionen

Jernbaneverket rår til at ein ny godsterminal i Trondheimsregionen blir lagt til Torgård. Samstundes rås det til at alternativet med lokalisering på Søberg ikjke vert vurdert vidare.

Dagens terminal på Brattøra. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
Jernbaneverket leverer onsdag 14.januar si utgreiing med tilråding for lokalisering av nytt logistikknutepunkt i Trondheimsregionen til Samferdselsdepartementet.

Jernbaneverket rår til at det blir planlagt vidare for ei lokalisering på Torgård. Dette vert basert på sterkare måloppnåeing gjennom nærleik til både eit etablert og eit framtidig næringsliv for transportskapande verksemder. Dette vert rekna å gje betydelege synergieffekter for alle typar distribusjon og auker mogelegheita for meir gods på bane. Torgård har høgare fleksibilitet og kan byggjast ut trinnvis.
Dei same føremonene kan etter Jernbaneverket si vurdering ikkje oppnåast med ei lokalisering på Søberg, som var det andre av dei to alternativa.

Trinnvis utbyggjing
Jernbaneverket rår vidare til at det blir arbeida vidare både med logistikk i sjølve godsterminalen, kostnadane ved utbyggjingstrinna og nytte for ei trinnvis utvikling. Det etablerte samarbeidet med aktørane i bransjen må halde fram, og dette vil vere særleg viktig for ei trinnvis utbyggjing.

Utgreiinga vert nå lagt ut på høyring til 1.mars 2015.

Vedlagt er Jernbaneverket sitt oversendingsbrev til Samferdselsdepartementet og sjølve rapporten. 
Illustrasjon av godsterminal på Torgård. (Multiconsult)

Planskisse for Torgård. (Multiconsult)