Stor innsats for å få opna Bergensbanen

Godstoget som mandag spora av på Bergensbanen måtte spas fram att med handmakt under vanskelege vértilhøve. Ein stor innsats frå mannskapa til Jernbaneverkets og NSB Berging gjorde at banen kunne opnast att onsdag kveld.

Onsdag var véret betre, vognene sto godt fast i snøfonnene ved Grytå. <strong> Foto: Tore Bekkelund </strong>  
Det var mandag føremiddag at godstog 5502 spora av med lokomotivet ved Grytå vaktarbustad like aust for Gråskallentunnelen mellom Finse og Haugastøl på Bergensbanen. Det var vind og snøfokk i fjellet. Tre av vognene i godstoget vart trekte inn til Tunga kryssingsspor som ligg inne i Gråskallen tunnel. NSB Berging og beredskap reiste frå Oslo med redskapstog for å starte arbeidet med å få lokomotivet på sporet att. Imens snødde resten av godstoget ned. Det pakka seg store snøfonner inntil og under vognene.

I slike situasjoner er det berre mogeleg å bruke handmakt og spa løs vognene ei etter ei, og under dei arbeidstilhøva som råder på høgfjellet tek dette tid. Lokomotivet kom på sporet att tidleg på dagen onsdag og blei trekt ned til Haugastøl. Dei siste godsvognene blei spadd fram onsdag kveld av 17 mann med spader. Innunder vognene måtte dei krabbe og hakke is med øks for å få dei laus.

Bergensbanen vart opna for trafikk att onsdag kveld.
Eit innblikk i arbeidstilhøva. (Foto: Bjørn Løne)
Di8-loket trakk ei og ei vogn inn til Tunga kryssingsspor etter kvart som dei vart spadd fram. <strong> Foto: Bjørn Løne </strong>