Togframføringa i Noreg er blitt papirløs

Jernbaneverkets nye system for distribusjon av informasjon om togframføring og arbeid i og ved spor blei søndag teke i bruk på alle landets jernbanestrekningar. Det var samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som sto for markeringa av at moderne teknologi nå erstattar gamle papirbaserte løysingar.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kastar det gamle papirbaserte systemet i søppelbøtta. Flytogførar Carina Skullerud får informasjon om togframføringa via nettbrett. Foto: Ronald Holmstrøm

Jernbaneverket har tidlegare levert all informasjon om togframføringa til togpersonalet på papir. Nå kan førarane få naudsynt informasjon frå nettbrettet.  Ein over 150-årig tradisjon er derved broten.
Ved å distribuere informasjon tilpassa den einskildes rolle via nettbrett, kan det sparast inn store mengder med papir.  Ein lokomotivførar treng ikkje lenger å bere med seg nærare fire kilo papir på turane sine.  Jernbaneverket får ein effektiviseringsvinst på ca. 10 millionar kroner årleg, og NSB sparar eit motsvarande beløp i trykkekostnadar. 

Ved å innføre denne løysinga er Jernbaneverket blant de fyrste i Europa som tek i bruk moderne teknologi på dette området.

Sjå film om FIDO.

Les meir om FIDO her.