Raset på Bergensbanen rydda

Bergensbanen opna att tysdag kveld etter eit jord- og leirras som på føremiddagen ramma både Bergensbanen og E 16 frå Vaksdal til Trengereid. Eit lokaltog køyrde inn i kanten på raset. Ingen personar vart skadd.

Raset gjekk nokre minutt føre klokka 13.30 og sperra både jernbanen og E 16. Lokaltog 1816 på veg frå Bergen til Myrdal greidde nesten å stoppe, men traff kanten av raset. Toget fekk deretter rygga noko attende. Det er ikkje meldt om skadde i hendinga. 

Brannvesen og politi kom raskt til staden. Passasjerar og mannskap blei henta ut med buss på vegen som går rett ved linja. Raset gjekk ved Bogelia på ei strekning som har mange rasoverbygg.

Ved 17.-tida kunne geologar gje grønt lys for ryddingsarbeidet på jernbanen, mens det for E16 fortsatt var rasfare. Bergensbanen åpnet for trafikk fra Vaksdal til Trengereid att kl. 22.45 tirsdag kveld.