Politisk streik stoppar togtrafikken i ein time 28. januar

Samtlege person- og godstog i heile landet stoppar i ein time frå klokka 15.00 til 16.00 onsdag 28. januar som følgje av at LO, Unio og YS oppmodar medlemmene sine til politisk streik mot dei føreslegne endringane i Arbeidsmiljølova.

Til saman vert 170 persontog på heile jernbanenettet råka av den politiske streiken.

Alle tog køyrer til næraste stasjon innan klokka 15.00 og står der til dei kan gå vidare klokka 16.00. Toga blir minst ein time forseinka avhengig av når dei stoppa for å vente.

Dei reisane må også rekne med store følgjeforseingar i ettermiddagsrushet i lokal- og regiontrafikken rundt dei store byane. Det skuldast at den timelange stoppen fører med seg at toga ikkje vil vere riktig plassert etter rutetabellen når dei startar opp att klokka 16.00. Etter eit par timar vil togtrafikken gå som normalt. 

Alle som skal ut og reise med tog kan søkje informasjon på NSB og Flytoget sine nettsider. Det vert óg gitt informasjon om streiken i toga og på stasjonane.