Tryggingsarbeid og kontrollar på Vossebanen

I mars går det føre føre seg fleire arbeider på Vossebanen med mellom anna rasskring, utbetring av dreneringsanlegg og montering naudlys. Dette gjer at nokre tog vert erstatta av buss i perioden 2/3 - 29/3.

Bilete er frå montering av steinsprangnett ved Stanghelle. Same arbeid skal gjerast i denne perioden.Strekninga

Jernbaneverket skal utføra kontrollar og anna arbeid som gjer det nødvendig å erstatta nokre tog mellom Bergen/Arna og Voss med buss kvardagar dei komande fire vekene (2. mars-29. mars). Tidsrommet med innstilte tog og busskjøring er lagt mellom morgon- og ettermiddagsrushet frå klokka 08.30 til klokka 14.30.

Arna-Bergen vert berre berørt første veka, med eitt unnatak:
For regiontoget med avgang Bergen kl. 11.59 vert det busskjøring Bergen-Voss alle kvardagar (bussen har avgang Bergen kl. 11.35 for at toget skal kunna gå i rute frå Voss).

Helgetrafikken vil gå som normalt.

Arbeid som skal utførast:

  • Kontrollar innan bane, signal og elkraft
  • Fornying av kontaktleidningsanlegg Trengereid - Takvam
  • Fornying av dreneringsanlegg
  • Rassikring
  • Montering naudlys i Hernestunnellen
  • Svillebyte 
  • Flaumsikring langs Vosso


Det er svært viktige arbeid som skal gjerast. Forbetring av dreneringsanlegga og rassikring har t.d. fått spesiell prioritet som følgje av klimaendringane, det same gjeld flaumsikring langs Vosso. Dei fleste har vel oktoberflaumen friskt i minne. Det er svært tett toggang på Vossebanen, og for å få effektive arbeidsøkter i dagslys må dessverre ein del tog innstillast i periodar.

Forseinkingar må påreknast. Dette seier vi oss leie for.

Det vil bli kjørt arbeidstog til ulike tider, derfor må ein forhalda seg til sporet som elles: Tog kan ventast til ei kvar tid.

Detaljerte opplysningar finn ein på NSBs nettsider.

Ein kan også venda seg til NSBs kundesenter på tlf. 81500888.