Meråkerbanen opna over grensen

Frå og med 2.mars går det igjen tog på heile Meråkerbanen. Strekninga frå Kopperå til Storlien har vore stengd i over eitt år på svensk side på grunn av problem med ei jernbanefylling.

Måndag 2.mars gjekk fyrste tog frå Kopperå retning Sverige på meir enn eitt år. <strong> Foto: Tove Kjelsli </strong>

NSB køyrer to daglege tog i kvar retning frå Trondheim til Storlien i Sverige. Derifrå er det tog vidare til Åre, Østersund og Sundsvall. Etter at det i november 2013 vart oppdaga rørsler i ei stor jernbanefylling på svensk side like ved grensen, blei strekninga stengd for trafikk. Trafikverket i Sverige har nå utført årgjerder som skal sikre fyllinga inntil ei permanent linjeomlegging kan gjennomførast. Det er óg montert avansert overvakingsutstyr som følgjer med på stabiliteten i jernbanefyllinga som har det noko treffande namnet «Stora Helvetet» frå anleggstida på 1880-tallet.

Det er 17 kilometer frå Kopperå stasjon på norsk side og fram til Storlien i Sverige.