Kamp mot snøen i vest

På Bergensbanen er det nå svært mykje snø på vestsida av fjellet. – Våre folk står på døgeret rundt for å halde banen open, seier banesjef Bjørn Skauge.

Fra Ljosanbotn holdeplass. Foto: Erling Aakerlie.Store snømengder kombinert med vind har sett sitt preg på Bergensbanen så langt i år. Den siste veka har verkelig sett snøryddingsmannskapa på fjellet på prøve. På Mjølfjell er det meldt om 197 centimeter snø, og oppe ved Hallingskeid 187 centimeter. Når slike mengder vert kombinert med vind, blir jobben med å halde banen open for trafikk både stor og krevjande.

-  Vi har med korte unnatak klart å halde banen open for trafikk, fortél banesjef Bjørn Skauge. Rasfaren har ført til stengt bane nokre timar og det same har staumbrot, men avbrota har ikkje vore lange. - På Upsete måtte vi stengje plattformen sist fredag på grunn av snømengdene, men med tyngre utstyr fekk vi opna ho for av- og påstigning att lørdag Det er på strekninga frå området ved Mjølfjell og opp til Hallingskeid at det er meist snø.

- Denne veka er det meldt kaldare og meir stabilt vér og vi nyttar høvet til å rydde meir i bredden for å auke profilet og gjere plass til meir snø, fortél Skauge.

Snørydding på Mjølfjell stasjon. Foto: Bjørn Skauge.

Svært mye snø førte til at Jernbaneverket måtte stenge plattformen på Uppsete fredag i forrige uke. Foto: Erling Aakerlie.