Godstog spora av på Bergensbanen

Lokomotivet i eit godstog spora mandag morgon av mellom Haugastøl og Tunga kryssingsspor på Bergensbanen. Ingen vart skada i avsporinga.

Lokomotivet gjekk av sporet med den framre boggien, men ingen av vognene i toget spora av. Det er ikkje skader på kontaktleidningen. Mannskap frå NSB Berging og beredskap starta mandag ettermiddag arbeidet med å få lokomotivet sporet att.

Dette arbeidet har synt seg krevjanda også grunna dårleg vér i fjellet.

Godstoget var på veg frå Bergen til Oslo og tilhøyrer CargoNet. Bergensbanen vert opna for trafikk att så snart lokomotivet er fjerna frå staden og sporet er visitert. Det er ikkje klart kor lang tid dette vil ta. Årsaka til hendinga er ikkje klar.

Foto Erling I. Nesbø/Jernbaneverket.