Færre dyr påkjørt av toget

Jernbaneverket registrerte i 2014 det lågaste talet på dyrepåkøyrsler sidan 2005. Reduksjonen har skjedd trass i at det vert køyrd stadig fleire tog.

Betydelig færre dyr ble påkjørt av tog i 2014.  <strong> Foto: Anders Haakonsen </strong>  
1440 dyr blei påkøyrt på norske jernbanestrekningar i 2014. Det er over 700 færre enn året før og nedgangen kjem sjølv om det vert køyrd stadig fleire tog. Jernbaneverket har gjennom dei siste fem åra gjennomført ein systematisk innsats i form av skogrydding langs jernbanelinjene.  – Sjølv om det er fleire faktorar som verker inn på kor mange dyr som blir påkøyrd, så er vi sikre på at innsatsen med skogrydding har hatt god effekt, seier vedlikehaldsdirektør Odd Erik Berg. Også andre tiltak er sett i verk på einskilde banetrekninger. På Bergensbanen i Hallingdal, frå Gulsvik til Hol er det til dømes sett opp straumgjerder på fleire delstrekninger, noko som har synt seg effektivt for å halde elgen unna sporet.
Elgterreng: Tog 61 passerer over Roppemoen i Flå som var svært utsatt for elgpåkjørsler. Til venstre for sporet ses strømgjerdet som har ført til at problemet er nesten borte på denne strekningen. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>

Andre faktorar som speler inn er variasjonar i snømengder og beitetilhøve, men Jernbaneverket ser ein nedgåande trend gjenom dei siste åra etter at skogryddingsprosjektet kom i gang for alvor.

Bergensbanen vest for Gol der skogryddingsprosjektetet har gitt gode resultater. - Vi har hatt en klar nedgang i dyrekjørsler som følge av dette, sier byggeleder Jon Anders Hefte. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>Unnataket er 2013, da det likevel kom ei aukr i talet. Gjennomsnittet for dei siste 10 åra er på 1861 påkøyrde dyr, mens talet for 2014 altså er 1440.

Det er elgpåkøyrsler som toppar statistikken og utgjer 32% av alle påkøyrde dyr. Deretter følgjer rådyr (21%), tamrein (16%), sau (15%) og hjort (5%).
Dyrepåkjørsler på jernbanen de siste ti årene.