Bergensbanen stengd på grunn av skjenebrot

Bergensbanen blei stengd torsdag kveld etter at det vart funne brot i skjene fleire stader frå Geilo til Haugastøl.

Frå reparasjonsarbeida. Foto: Ove Flatland.

Bergensbanen blei stengt frå Geilo til Haugastøl torsdag etter at bremsene på ei godsvogn hengde seg opp. Hjulet vart heilt nedslitt og i løpet av natta er det oppdaga skjenebrot på 12 stader frå Geilo til Haugastøl.

NSB set opp bussar på den stengde strekninga.

Banen ventast å bli opna klokka 13.30.