Bergensbanen raskt opna att etter skred

Bergensbanen vart opna for trafikk att like etter midnatt natt til tirsdag etter at eit vestgåande tog køyrde inn i eit snøskred og spora av med ein hjulaksling ved Upsete måndag ettermiddag.

Det var 601 på veg frå Oslo til Bergen som måndag ettermiddag ved 17-tida køyrde inn i eit snøskred like ved Vieren haldeplass eit par kilometer vest for Upsete. Togets lokomotiv spora av med den framre hjulakslingen.  

Ingen av dei rundt 200 på toget blei skadd i hendinga. Eit lokomotiv frå Flåmsbana vart raskt sendt frå Myrdal fram til rasstaden og henta alle vognene tilbake til Myrdal. Der blei passasjerane sendt med Flåmsbana frå Myrdal til Flåm for vidare transport til Voss og Bergen.

Bergingsarbeidet kom også raskt i gang og seint måndag kveld kom lokomotivet på sporet att. Etter visitasjon og kontroll på staden blei Bergensbanen opna for trafikk att klokka 00.10 natt til tirsdag.