Bergensbanen opna att etter snøras

Bergensbanen vart opna for trafikk att frå klokka 23 sundag kveld etter snøras og straumbrot ved Hallingskeid.

Frå oppryddingsarbeidet etter snåraset ved Midtstova 11.januar. <strong> Foto: Bjørn Larsen </strong>
Det var et eit kravjande arbeid å få opna banen for trafikk att etter at det natt til sundag gjekk eit snøras over sporet ved Midtstova like aust for Hallingskeid stasjon på høgfjellet. Det var då svært dårleg vér på fjellet med dårleg sikt. Sundag morgon kunne ein slå fast at raset hadde teke med seg kontaktleidningen. På grunn av den store rasfaren meinte NGI at ein skulle vente til utbpå ettermiddagen med lågare faregrad før oppryddinga kunne ta til.

Etter krevjande arbeid med opprydding av ras og montering av ny kontaktleidning forbi staden kunne Bergensbanen opnast att ved 23-tida sundag kveld.

Strekninga frå Finse til Myrdal var stengt for trafikk på grunn av raset. det er framleis fare for snøras og Jernbaneverket følgjer situasjonen nøye.

Uvéret denne helga førte også med seg driftsvanskar og straumbrot  på fleire andre delstrekninger denne helga. På Jærbanen var vinden så kraftig at drifta vart innstilt frå Egersund til Stavanger laurdag ettermiddag og kveld.