Anleggsarbeid på Bergens, Sørlands- og delar av Drammenbanen 23/4 - 26/4

Jernbaneverket utfører i helga 23/4 - 26/4 planlagte forbetringsarbeider på Bergensbanen, Sørlandsbanen og delar av Drammenbanen. Dette fører til endringar i trafikken på dei tre strekningane.

Frå arbeid med utskifting av skjener <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Bergensbanen
Banen er stengd for vanleg togtrafikk fredag 24.4. kl. 22.25 til søndag 26.4. kl. 9.00.

NSB køyrer buss i staden for lokaltog på strekninga Bergen - Arna -  Voss - Ørneberget. Merk: Det er ikkje busstransport til Vieren, Upsete og Myrdal, då stasjonane er utilgjengelege med bil/buss, medan Flåmsbana går som normalt heile helga.

Bussen brukar normalt lengre tid enn toget, men vi ber likevel passasjerar møta opp til togtidene som det framgår av rutetabellen.

Det blir ikkje alternativ transport for regiontog Oslo S-Bergen-Oslo S. Ettermiddagstoga fredag er siste fjerntogstilbod, nattoga fredag kveld er  innstilte. Frå og med søndag kl. 7.55 er det normal fjerntogtrafikk att.

-Det er svært viktige arbeid som skal utførast denne helga, seier områdedirektør Tony Dæmring i Jernbaneverket. Vi har fått ein gledeleg auke i fornyingsmidlane, spesielt vil eg nemna innsatsen som blir gjort for å gjera Bergensbanen betre rusta mot flom og ras.

Arbeid som skal utførast Bergensbanen i helga

  • Førebuande arbeid til ny Ulriken tunnel, sikring av påhogg for ny tunnel i Fløen (på Bergenssida). I tillegg grunnundersøkingar på Arna.
  • Fornying av kontaktleidningsanlegg mellom Takvam og Trengereid, fornying av anlegg frå elektrifiseringa av Vossebanen i 1954.
  • Dreneringsarbeid mellom Vaksdal og Stanghelle, og ved Tundal litt aust for Voss.
  • Rassikring ved Skorve litt aust for Evanger, her skal nye sørpeskred i eit bekkeløp forhindrast.
  • Flaumsikring langs Vosso, arbeid ved Ho tunnel. Tiltak mot 200-årsflom.
  • Naudlys i Hernestunnelen (vest for Evanger)
  • Geilo-Ustaoset skjenebyte (mange skjenebrot pga. eit godstog med bremsefeil i vinter)
  • Haversting-Hønefoss rassikring og sikring av skjeringar

Drammen- og Sørlandsbanen
Frå laurdag 25. april klokka 02:15 til måndag 27. april klokka 03:15 skal Jernbaneverket gjennomføra fleire fornyings- og vedlikehaldsarbeid på strekninga mellom Asker og Mjøndalen. Strekninga vil bli stengd for togtrafikk. Enkelte tog blir ikkje erstatta med alternativ transport.  - Når vi først stengjer for togtrafikk, gjer vi vårt ytterste for å få utnytta denne perioden best mogleg, seier Bjørn Ståle Varnes, banesjef i Jernbaneverket.

Drammenbanen
I Lieråsen tunnel skal det utførast fjellsikringsarbeid inne i tunnelen. På Brakerøya stasjon skal delar av det elektriske anlegget byggjast om og oppgraderast. I togsporet på Brakerøya skal det bytast sentrale delar i to sporvekslar, og isolerte skøytar.

- Det er viktig at dei isolerte skøytane er godt vedlikehaldne. Feil kan føra til signalproblem og dermed forstyrringar i togtrafikken, seier banesjefen.

Det skal óg bytast ein glideskjøyt på den gamle jernbanebrua mellom Brakerøya og Drammen. –Glideskjøyten syter for å holde togsporet stabilt ved rørsler i brukonstruksjonen, som følgje av temperaturendringar. Arbeidet vi gjer denne helga er viktig for ein sikker og punktleg jernbane, seier Varnes.

Sørlandsbanen
På Gulskogen stasjon skal det køyrast pakkmaskin for justering av spor og sporvekslar. Samtidig skal det utførast førebuande grunnarbeid i samband med nytt vegsikringsanlegg på Kleggen planovergang. I tillegg skal det utførast kontrollarbeid på kontaktleidningsanlegget på delar av strekninga.

Detaljert informasjon finn dei reisande på NSBs nettsider, og hjå NSBs kundesenter på telefon 815 00 888.

Sjølv om strekningane er stengde for ordinær togtrafikk, vil det gå arbeidstog i heile helga. Ein må derfor forhalda seg som normalt ved ferdsel langs sporet.

Tog kan ventast til ei kvar tid.