49 ekstratog på Bergensbanen for Skarverennet

Laurdag 18. april er årets travlaste dag på Bergensbanen. Heile 49 ekstratog må til for å frakte dei meir enn 12 000 skiløparane til og frå høgfjellet. NSB og Jernbaneverket har gode røynsler med driftsopplegget for skarverennshelga gjennom fleire år og følgjer også i år i hovudsak det same opplegget.

Folksomt på Finse stasjon før start. <strong> Foto: Bjørn Ove Botten </strong>
Kapasiteten på høgfjellsstrekninga på Bergensbanen blir maksimalt utnytta for å frakte alle deltakarane til og frå rennet. Det er ein omfattande kabal som skal gå opp for å få driftsopplegget til å fungere på denne dagen, og det er lite som skal til før det kan få store følgjer for trafikkavviklinga. Heile 49 ekstratog er sett opp for å frakte alle til start på Finse og frå mål på Ustaoset. Toga startar frå Gol, Ål og Geilo, i tillegg til ekstratog både frå Oslo og Bergen.

Jernbaneverket har auka beredskapen sin i samband med skarverennshelga slik:

• Ekstra diesellokomotiv stasjonert på Myrdal stasjon

• Ekstra arbeidsmaskin for kontaktleidningsanlegget stasjonert på Myrdal stasjon

• Høgfjellsstrekninga blir ekstra visitert

• Det er utplassert ekstra mannskap på stasjonane Haugastøl, Ustaoset og Geilo

• Haugastøl omformarstasjon blir bemanna (denne er fjernstyrt til vanleg)

• Ekstra bemanning på trafikkstyringssentralen i Bergen

• Vinterberedskapen på Bergensbanen held fram til og med denne helga

Driftsopplegget er laga i et samarbeid mellom NSB, Jernbaneverket og arrangøren, Geilo Idrettslag. Det er ikkje gjort særskilde endringar frå tidlegera år. Det er stasjonane Geilo, Ustaoset, Haugastøl, Tunga kryssingsspor, og Finse som har den tettaste trafikken, men heile Bergensbanen har denne helga svært stor togtrafikk.

På renndagen pendlar toga att og fram på høgfjellet heile dagen og på ettermiddagen går det "lokaltog" frå Ustaoset til Geilo.

Skarverennet
Skarverennet er eit av verdas største skirenn og har blitt arrangert helt sidan 1974. Frå Finse til Ustaoset er det 38 kilometer og traseen går oppunder Hallingskarvet heile vegen. Det er óg ei kortare løype med start på Haugastøl. I årets renn deltek som vanleg nokre av landets og verdas beste skiløparar, men først og fremst er Skarverennet eit punktum for skisesongen for vanlege folk