Verdas beste togreise

Flåmsbana er kåra til verdas beste togreise av reiselivsmagasinet Lonely Planet. I fjor reiste heile 718 000 med Flåmsbana.

Trafikkstyrer Olaug Songe Brekke tar inn et tog på Berekvam stasjon midtveis på Flåmsbana. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 

-Dette er ei kåring som vert lagt merke til, seier ein særs nøgd dagleg leiar Sivert Bakk i Flåm Utvikling AS.  – Det er jo mange slags kåringar i reiselivsbransjen, men Lonely Planet er i ei klasse for seg, seier Bakk. - Det å få ei slik kåring nå i oppkjøringa til sommaresesongen er difor veldig gledeleg for oss.

Toga på Flåmsbana har sett nye passasjerrekordar ei rad gonger dei siste årea og fjorårets tal endte på heile 718 000 passasjerar og ny rekord nok ein gong. –Vi har framleis ledig kapasitet på mange avgangar og vi jobber mykje med å få folk til velje avgangar på aust og vår og dei deler av dagen da de er best plass, seier Bakk.Sivert Bakk i Flåm Utvikling.

-Komande sesong ser så langt bra ut med omsyn til tingingarog vi legger opp til å kome på nivå med fjorårets rekord. Før sommarsesongen skal ei ombygging av publikumsareala inne på Flåm stasjon vere ferdig og om få uker er ei utviding av plattforma på Kjosfossen klar.

Reiselivsmagasinet Lonely Planet Traveller er vel ansett i reiselivsbransjen og ei slik kåring vert lagt merke til. Flåmsbanas linjeføring frå Myrdal stasjon på høyfjellet og ned gjennom den stupbratte og dramatiske Flåmsdalen, innunder store fossar og ville stup gjer togturen til noko heilt spesielt.

I sommarhalvåret køyres det ti daglege tog i kvar retning mellom Flåm og Myrdal. Om vinteren kjøyres det fire tog kvar veg, alle i samband med toga på Bergensbanen.
Fra Kjosfossen holdeplass. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>