Bergensbanen: Tidlegast klår mandag

Bergensbanen blir tidlegast klår for trafikk att frå Voss til Dale mandag morgon slik det nå ser ut. Det blir jobba kontinuerleg med å reparere skadene etter 200-årsflaumen.

 Elven Vosso har gravd ut deler av jernbanens fundament på flere delstrekninger mellom Bulken og Evanger. <strong> Foto Ove Madsen </strong>
(Oppdatert torsdag 30/10 kl14.30)
Jernbaneverket er saman med entreprenøren Spilde AS torsdag i full gang med å reparere skadene etter storflaumen. Det er særleg på strekninga frå Bulken til Evanger, der Bergensbanen følgjer elva Vosso, at det må gjerast mykje arbeid med tilføring stein der elva har gravd seg inn til og innunder banens underbygnad. - Slik det ser ut nå på torsdag ettermiddag vil vi trenge tida fram til mandag morgon for å bli ferdige, seier prosjektleiar Karl Morten Undal i Jernbaneverket vest. I dag har vi kome langt med innkøyring av stein og pukk i den 710 meter lange Ho tunnel. Elva Vosso gjekk så høgt at ho rann gjenom Bergensbanen sin tunnel og vaska ut baneleikamen. Når dette er gjort kan vi nytte skinnegåande maskinar på heile strekninga, noko som vil lette arbeidet vesentleg, forklarer Undal.

Tre område
Det er særleg på tre delstrekningar at vi må gjere mykje arbeid for å få banen klar for trafikk att, seier prosjektleiar Karl Morten Undal.

Bolstad - Evanger: Her har elva gravd seg inn i banens underbygnad på ei delstrekning på rundt 600 meter. Det må fyllast opp att med stor stein i botnen, deretter sprengstein og ny ballastpukk.

Ho tunnel mellom Saghaug og Seimsgrend: Her har elva Vosso gått gjenom Bergensbanen sin tunnel. Det har ført til utvasking av sporet, spesielt i tunnelens vestre ende. Det må tilførast ny masse og sporet må pakkast på nytt.

Seimsgrend - Bulken: Utgravingar inntil sporet fleire stader. Det må fyllast på med stor stein og sprengstein, samt ballastpukk.

• I tillegg har kabelkanalar og kontaktleidningsmaster blitt undergravd og har fleire stader blitt hengjande i lufta eller er velta ut mot elva.

-Uverkelig
-Det er heilt uvirkeleg at elva kan ha gått så høgt, leggjer han til. Både entreprenør og Jernbaneverket sine eigne folk kom onsdag ettermiddag i gang med rigging og byggjing av anleggsveger, og det blir arbeidd kontinuerleg for å få banen opna att snarast råd.

Bra tross alt
-Når vi ser kor enorme vannmassar som har komet så er vi nesten forundra over at banen har klart seg så bra som den tross alt har gjort, sier Karl Morten Undal. Hovedsakeleg er skadene påført av elva Vosso, men 200-årsfloumen har ikkje ført til samenbrot i banen sine dreneringssystem som stikkrenner og grøfter. Her har nok det store prosjektet med vatn- og rassikring langs Vossebanen gjeve god effekt.

 Elven Vosso har påført Bergensbanen store skader mellom Bulken og Bolstadøyri.  <strong> Foto: Jernbaneverket </strong>
Jernbaneverkts folk var onsdag formiddag ut for å kartlegge skadene langs elven Vosso. Her ses utvaskinger i banens underbygning som må utbedres før trafikken kan komme i gang igjen.