Startar utgreinga for Grenlandsbanen

Jernbaneverket har nå fått i oppdrag å starte arbeidet med ein KVU for samankobling av Sørlandsbanen og Vestfoldbanen (Grenlandsbanen).

 - Ein mogeleg ny bane vil gjere det mogeleg med eit betre togtilbod frå Oslo, Kristiansand og Stavanger, og bidra til at Vestfold, Grenland og Agder utviklar seg til éin felles bo- og arbeidsmarknadsregion. Ei samankobling er og  interessant for godstransport med jernbane. Med denne KVUen (konseptvalgutredningen) vil vi få tilrådingar om korleisn transportutfordringane i denne korridoren best kan løysast i eit langsiktig perspektiv. Arbeidet som nå vert sett i gang samt etterfølgjande kvalitetssikring, vil gje eit godt beslutningsunderlag for vegen vidare, og inn i arbeidet med neste transportplan, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Det er eit omfattande utgreingsarbeid som Jernbaneverket startar opp frå hausten 2014. Det takas sikte på at KVUen er klår innan 1. april 2016.

Grenlandsbanen
Ei samankopling mellom Sørlandsbanen og Vestfoldbanen (Grenlandsbanen) vil tyde ein ny bane på om lag 60 km frå Porsgrunn og sørover.