Skarverennet: Travelt på Bergensbanen

Laurdag 26. april er årets travlaste dag på Bergensbanen. Da blir det til saman køyrd heile 49 ekstratog på banen i samband med Skarverennet.

Ustaoset stasjon som er endepunkt for Skarverennet. Hallingskarvet sjåast i bakrunnen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 

På nokre hektiske morgontimar blir 12 200 deltakarar frakta til start, dei fleste til Finse og nokre til Haugastøl. Jernbaneverket og NSB har gode røynsler med driftsopplegget frå dei seinare åra og følger same opplegg også i år.

Skarverennet er kvart år ei utfordring for skiløparane som setter sluttstrek for skisesongen, men óg for NSB og Jernbaneverket. Kapasiteten på høgfjellsstrekninga på Bergensbanen blir utnytta maksimalt for å frakte alle deltakarane til og frå rennet.

Heile 49 ekstratog er til saman sett opp for å frakte alle til start og frå mål. Med i talet er alle tog som må køyrast i samband med rennet. Dei fleste togsetta er lokaltogsett med ni vogner og ein kapasitet på 1350 passasjerar. Toga startar frå Gol, Ål og Geilo, i tillegg til ekstratog både frå Oslo og Bergen.

Jernbaneverket har styrka beredskapen for å rette eventuelle feil på strekninga på renndagen. Driftsopplegget er laga i eit samarbeid mellom NSB, Jernbaneverket og arrangøren, Geilo Idrettslag. Det er stasjonane Geilo, Ustaoset, Haugastøl, Tunga kryssingsspor, og Finse som har den tettaste trafikken, men heile Bergensbanen har denne helga særs stor togtrafikk.

På renndagen pendler toga fram og tilbake på høgfjellet heile dagen for å frakte deltakarane til og frå rennet. På ettermiddagen går det  ”lokaltog” mellom Ustaoset og Geilo.

Skarverennet
Skarverennet er eit av verdas største skirenn og har blitt arrangert heilt sidan 1974. Frå Finse til Ustaoset er det 38 kilometer og traseen går oppunder Hallingskarvet heile vegen. Det er og ei stuttare løype med start på Haugastøl. I årets renn deltek som vanleg nokre av landets og verdas beste skiløparar, men først fremst er Skarverennet eit punktum for skisesongen for vanlege folk.
Mykje folk på Finse før start. <strong> Foto: Bjørn Ove Botten </strong>