Omfattande skader på Flåmsbana

Storflaumen har ført til enorme skader i Flåm og i Flåmsdalen. Flåmsbana er broten på fleire stader og det vil ta lang tid å reparere banen. Også stasjonsområdet i Flåm er rasert.

Store skader på Flåmsbana. <strong> Foto: Bjørn Lønes </strong>
-Dette er ille og her har vi ein stor jobb foran oss, seier banesjef Bjørn Skauge. I Flåm er det store skader på all infrastruktur og nå er det vanskeleg å kome til på dei øydelagte stadene da det heller ikkje finnes vegsamband. Mykje av vegnettet er óg øydelagt.

Vasstunnelar rann over 
Flåmsbana har fått særleg store skader ved Blomheller og ved Høga. På begge desse stadene er elvea lagt i utsprengde vasstunnelar under banen. Flaumen blei så stor at desse tunnelane for vatnet gjekk fulle og dermed fungerte banen nærast som ei demning inntil vatnet gravde seg gjenom jernbanefyllinga, sier Skauge. Også på Flåm stasjon er det store skader da elvevatnet óg flauma over stasjonsområdet.

Det ikkje føre noko prognose for når Flåmsbana kan ventast opna att etter 200-årsflaumen.