Ny tømmerterminal på Kvam opna

26.november opna den nye tømmerterminalen på Kvam stasjon. Terminalen er eit resultat av eit stort spleiselag og er den første som er opna med støtte frå tilskottsordninga for private sidespor.

Fylkesordfører i Oppland, Gro Lundby åpner terminalen på Kvam, assistert av Kjell Ivar Maudal fra Jernbaneverket (tv) og Marit Olive Lindstad fra Mjøsen Skog.  <strong> Foto: Anne Mæhlum, Mjøsen Skog </strong> 
Jernbaneverket har stått for opprusting av spor 3 på Kvam stasjon som leier inn på terminalen. Det er Mjøsen Skog som står som eigar av terminalen og terminalsporet. Dette er det første sporet som er opna med midler frå staten si støtteordning for private sidespor.

I tillegg er det gjeve tilskott bidrag frå Oppland fylkeskommune, regionrådet i Midt-Gudbrandsdal og åtte kommunar i regionen. 

Det er bygd 410 meter med nytt sidespor i tillegg til at spor 3 er fornya. I første omgang vil det gå eitt tog per uke med massevirke frå den nye terminalen.  Årleg blir det frakta om lag 50 000m³ massevirke ut frå Nord- og Midt-Gudbrandsdal. Dette svarar til 1250 tømmerbilar.

Tømmeropplasting på den nye terminalen på Kvam. <strong> Foto: Anne Mæhlum </strong>